Tilbake til alle arrangementer

Utstilling: Liv Strand Hareide


  • Ulstein kunstlag 10 Saunesvegen Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Liv Strand Hareide markerer sitt 20 års jubileum som kunstnar med ei utstilling i Ulstein Kunstlag.

I dei 20 åra ho har jobba som kunstnar, har ho, i tillegg til den naturalistiske stilen, utvikla sin eigen abstrakte stil. Det er konturar som ofte dannar kraftige strukturar, malte flater på limt, umalt lerret. Av og til brukar ho begge stilane i same bildet. På vegen fram har penslane vore breie og strøka tydlegare. Det kan bli fargerikt, men også maleri der fargene er få.

Liv har heile tida arbeida målbevist for å skape sitt eige maleriske uttrykk. Ho er ikkje redd for å bryte grenser mellom teikning, grafikk og maleri. Ho seier sjølv: «Eg må heile tida bevege meg vidare, så bilda blir malt ettersom tankane oppstår. Det er snakk om balanse, men eg vil likevel behalde litt av spenninga og uroa. Temaet er ofte tid: Fortida som vi er ein del av og det vi har arva, notida som er borte like raskt som den kjem og framtida med sine endringar og håp.»

Opning av utstillinga med musikkinnslag frå kulturskule elever på torsdag 7. mars kl.18:00, på 2. etasje av Amfisenteret.

Opningstider:

Torsdag 7. mars opning utstilling kl. 18:00-19:00

Fredag 8. mars kl. 15:00-19:00

Laurdag 9. mars kl. 12:00-16:00

Neste
Neste
6. mai

Kino: At Eternity´s Gate