Arrangement


Årsmøte 4. mars
mars
4.

Årsmøte 4. mars

Mandag 4. mars 2024 kl. 19.00 er det årsmøte i Ulstein Kunstlag på Ulstein bibliotek. Som vanleg blir det lodda ut to kunstverk; eit blant medlemar som stiller på årsmøtet, og eit blant alle betalande medlemar.

Vis arrangement →
Utstilling med Hilde Bamarni
nov.
10.
til 26. nov.

Utstilling med Hilde Bamarni

Hilde Bamarni frå Ålesund stiller ut silketrykk i ei utstilling i regi av Ulstein kunstlag med tittelen «AN EMOTIONAL AFFAIR – THE OCEAN». Med utstillinga stiller ho spørsmål om korleis vi er knytte til havet, og kva slags følelsar det gir oss. Utstillinga er open frå 10. til og med 26. november i utstillingslokalet i 2. etasje på Amfi-senteret i Ulsteinvik.

Vis arrangement →
Utstilling med Fredrik Wiig Sørensen
mars
17.
til 2. apr.

Utstilling med Fredrik Wiig Sørensen

Torsdag 17. mars opnar Ulstein kunstlag ei spennande utstilling med kunstnaren Fredrik Wiig Sørensen i lokala i andre etasje på Amfi. Sørensen er opphavleg frå Ålesund, men bur no i Bergen. Han har hatt fleire utstillingar ulike stader i landet, og no er endeleg turen komen til Ulsteinvik.

Vis arrangement →
Medlemsutstilling med lokale kunstnarar (Copy)
nov.
18.
til 27. nov.

Medlemsutstilling med lokale kunstnarar (Copy)

Utstilling i Ulsteinvik. Amfisenter 2. etg.
Opnar torsdag 18. november kl. 18.00–19.00, og varar til laurdag 27. november 2021.

Medlemsutstilling 2021

Torsdag 18. november opnar den nye utstillinga til Ulstein kunstlag på Amfi i Ulsteinvik. Her kan du oppleve tretten lokale kunstnarar, både røynde veteranar og unge lovande, som viser fram kunstverka sine i ei felles salsutstilling. Dei tretten kan by på eit stort mangfald av uttrykk, frå det abstrakte til det fotorealistiske, så her skulle det vere noko for alle. Dei som stiller ut, er:

Guri Alme
Beate Skaar Borgan
Joanna Pawliczuk
Nikoline Moldskred
Astrid Eline Breivik Anderson
Alv Rise
Mathias Mikkelsen
Vera Urban
Karin Marie Skeide
Niels Leenders
Hege-Mari Ulstein Brynestad
Bente Mork Blindheim
Ingebjørg Eidheim Ulstein.

Ulstein kunstlag skal fremje interessa for og formidle kunnskap om samtidskunst og kunsten sin plass i samfunnet. Kunstlaget vil også arbeide for å fremje lokale kunstnarar og ynskjer å skape eit kunstmiljø der folk kan møtast og dele erfaringar. Gjennom denne utstillinga, der medlemer i kunstlaget får høve til å vise fram noko av den nylaga kunsten sin, håper me at dei som kjem, skal få sett kor mykje spanande og variert kunst som vert laga her i området.

Utstillinga er elles open:
Torsdag 9. og 16. september kl. 15.00–19.00
Fredag 3., 10. og 17. september kl. 14.00–17.00
Laurdag 4., 11. og 18. mars kl. 11.00–16.00

Vis arrangement →
Utstilling: Robert Steinnes
aug.
14.
til 29. aug.

Utstilling: Robert Steinnes

Steinnes er 46 år gamal og bur i Volda. Han er utdanna frå Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, der han gjekk han 3 år på institutt for metall. Han har også gått i lære hos Aksel Tostrup og Kirsten Kokkin, heiter det i pressemeldinga frå kunstlaget. Han er også verksmeister for kunst og handverk på Høgskulen i Volda.

Vis arrangement →
Utstilling: Simon Vågsholm
juni
18.
til 4. juli

Utstilling: Simon Vågsholm

Ulstein Kunstlag ønsker velkomen til utstilingsopning 18. juni kl 18.00. Då får Ulsteinvik besøk av biletkunstnar Simon Wågsholm. Simon Wågsholm er en biletkunstnar, teiknar og grafikar frå Ålesund. Han er utdanna ved Ålesund Kunstfagskole og Universitetet i Bergen (Moderne kunst og estetikk) og har hatt veiledning av Ørnulf Opdahl. Han underviser også i maleri og kunstfilosofi ved Ålesund Kunstfagskole.

Vis arrangement →
Utstilling: Randi Kristin Emblem
nov.
28.
til 14. des.

Utstilling: Randi Kristin Emblem

Randi Kristin Morstøl Emblem (1980) er billedkunstner med utdannelse fra Kunsthøgskolen i Bergen og Hochschüle für Bildende Künste Hamburg. Hun bor og arbeider i Ålesund og har sitt atelier i Aggregat Atelierfellesskap. I sine silketrykk leker hun med utrykk som minner om Pop Art. Kombinasjonen av motiv og teknikk resulterer i delikate, engasjerende bilder, som gir rom for tolkning.

Vis arrangement →
Utstilling: Maria Sandsmark
aug.
15.
til 31. aug.

Utstilling: Maria Sandsmark

På torsdag 15. august opnar den tredje utstillinga i år i Ulstein Kunstlag. Denne gongen er Maria Sandsmark utstiller med oljemaleri. Opniga med saksofonmusikk kl.18.00 på 2.etasje Amfi senteret.

Vis arrangement →
Kino: At Eternity´s Gate
mai
6.

Kino: At Eternity´s Gate

Ulstein kunstlag og Sjøborg kino inviterer til filmkveld med filmen At Eternity's Gate, den nye filmen om Van Gogh med Willem Dafoe i den Oscarnominerte hovudrolla. Gamle og nye medlemmer i Ulstein kunstlag kan kjøpe billettar hos kunstlaget med 50% rabatt… ein god grunn til å bli medlem!

Vis arrangement →
Utstilling: Liv Strand Hareide
mars
7.
til 22. mars

Utstilling: Liv Strand Hareide

Liv Strand Hareide markerer sitt 20 års jubileum som kunstnar med ei utstilling i Ulstein Kunstlag. I dei 20 åra ho har jobba som kunstnar, har ho, i tillegg til den naturalistiske stilen, utvikla sin eigen abstrakte stil.

Vis arrangement →