Hilde Bamarni
Utstilling i Ulsteinvik. Amfisenter 2. etg.
Opnar torsdag 10. november kl. 18.00–19.00, og varar til laurdag 26. november 2022.
Utstilling: AN EMOTIONAL AFFAIR – THE OCEAN
Hilde Bamarni frå Ålesund stiller ut silketrykk i ei utstilling i regi av Ulstein kunstlag med tittelen «AN EMOTIONAL AFFAIR – THE OCEAN». Med utstillinga stiller ho spørsmål om korleis vi er knytte til havet, og kva slags følelsar det gir oss. Utstillinga er open frå 10. til og med 26. november i utstillingslokalet i 2. etasje på Amfi-senteret i Ulsteinvik.
Bamarni har utdanning frå Asker Kunstfagskole og Skolen for Grafisk Design i Oslo, og flytta etter utdanningane heime igjen til Ålesund. I 2006 var ho med til å starte opp Aggregat kunstnarfelleskap i Ålesund, der ho framleis er del av. Der har ho verkstad og held ho kurs i silketrykk. Ved sida av kunstnarskapet har ho ein deltidsjobb på Ålesund VGS, og Ytre Kunstfagskole i Ålesund. Om våren avsluttar ho bachelorutdanning i kunsthistorie, ved universitetet i Tromsø.
Bamarni hugsar med auga. Ho bur tett på bølgene og båtlivet, og frå heimen sin ser ho på havet kvar dag. Å bu tett på havet inneber at området endrar seg raskt og ofte, nokre gonger frå idyll til inferno på minutt. Ho reflekterer over korleis havet og menneskesinnet møtest, og kva slags fellestrekk dei har. Begge rommar mykje og er fulle av kontrastar. Mørkt og skummelt, eller fargerikt og freistande, alt etter auget som ser. Nokre har havet som arbeidsplass og knyter det til fysisk slit og harde økter. For andre er det ferie og fri, med sol i horisonten og blått på blått. Medan bølgene gjer nokre sjøsjuke, voggar dei andre i søvn. Og der nokre fann lukke på havet, har andre mista alt i det store djupet.
Produksjonen og fordjupinga i dette kunstprosjektet har hatt vekt på tilknytinga vi kjenner til havet, og ulike måtar å visualisere den tilknytinga på gjennom motivval, fargar og repetisjonar, med silketrykk som hovudmedium. Bamarnis kunstuttrykk har tydelege referansar til både populærkultur og underhaldingsformatet der ho ofte blandar bilete, tekst og sterke fargar i dei stiliserte motiva sine.
Ta ein pause frå alt du veit om havet frå før. Flytt perspektivet og spør deg sjølv:
Kven er du i møte med havet? Har du tenkt over kva slags tilknyting du kjenner til det store, djupe blå?
Korleis har havet påverka historia di, livet ditt, røtene dine og framtida di?
Kva del av deg blir levande når du ser dette store blå?
Kva slags minne og følelsar vaknar?
Utstillinga er elles open:
Torsdag 24. og 31. mars kl. 15.00–19.00
Fredag 18., 25. mars og 1. april kl. 14.00–17.00
Laurdag 19., 26. mars og 2. april kl. 11.00–16.00