Bli med i Ulstein Kunstlag
Kunstlaget er basert på frivillig arbeid og er avhengig av medlemskontingentar og eit kunstinteressert lokalsamfunn.
Ønskjer du å støtte oss? Les om rabattar på kunstkjøp, og meld deg inn her.
Arrangement
Tidlegare arrangement
Ulstein Kunstlag
Vi skal fremje interessa for, og formidle kunnskap om, samtidskunst og kunsten sin plass i samfunnet. Kunstlaget vil også arbeide for å fremje lokale kunstnarar.
Formidling
Ulstein Kunstlag ønskjer å gi born og unge møte med kunst og skaparglede. Gjennom samarbeid med skular og kulturskulen legg vi til rette for omvisingar og samtalar der elevane får oppleve kunst på nært hald. Målet er å styrkje forståinga for kunst som uttrykksform, skape nysgjerrigheit og inspirere til eigen skapande aktivitet.
Ved å melde deg inn i kunstlaget støttar du dette viktige arbeidet.
Kunstsamling
Ulstein kunstlag har gjennom åra opparbeida seg ei samling bilete. Desse bileta låner vi ut til bedrifter i kommuna og per i dag kan ein sjå bileta våre på mellom anna Ulstein kompetansesenter, Ulstein vidaregåande skule, Hasund skule og Sunnmøre Folkehøgskule. Vi held også på å dokumentere og digitalisere bileta slik vi kan vise samlinga på denne sida.
Kvart år arrangerer vi to til fire utstillingar, med både lokale og nasjonale utstillarar. Av og til arrangerer vi også foredrag, eller inviterer til kino, med kunstfaglege tema. Ulstein Kunstlag leiger lokale i Bjørndals Minne i Ulsteinvik.
Utstillingar

